Jan Ove's profileMu siida internettasPhotosBlogLists Tools Help

Jan Ove Krutvik

Occupation
Location
April 15

Flyttar på fjellet

1. juni flyttar familien Krutvik til Søvassli Ungdomssenter og leirstad. Heimdal vart litt for urbant.
 
Veit du ikkje kva Søvassli er? www.sovassli.no

Veit du forresten om nokon som vi leiga ei tre-roms leilighet på Heimdal, 76 kvm? Med kabel, internett og carport.
March 05

Oppdatert side

Har eg sagt noko om krutlappen.blogspot.com ? Jovna Olai er god på oppdateringar.
August 14

Viktig melding: Lytt til radio

No er det Radio Sentrum som er kanalen for deg som er ute etter kvalitet, og ikkje berre jag etter vind. Dessutan kan vi tilby mange, mange årgangar med gamle Noreaprogram på kassett og nokre på CD. Byrjar verta luftig på kontoret no. Frå 15 - 24 høyrer du oss, klemt inn mellom sendetida til Klem FM FM 100,0 
May 24

Bustad i orden

Då har vi fått aksept på bodet vårt for leiligheita sørpå, for dykk som treng det meir spesifikt så tyder sørpå denne gongen Wilhelmsmyrveien 5b på Heimdal. No gjennstår berre 20 lange dagar med prøving av forkjøpsrett, samt nokre dagar med litt målingsarbeid.
May 07

Rundstrålar i Tanadalen

For deg som skal ut å køyra, så kan eg opplysa om at det no er mykje betre dekning i Tanadalen. VI har fått ein rundstrålar i toppen av masta på Ganesvarri, ved Borssejohk i Tana. Slå på radioen din på 100,5. Leif Petter var nesten åtte timar i strekk i toppen, der han dingla og slang i sikkringslina.
April 18

Påskefestival i Karasjok

Frå gamalt av har det vore tradisjon at folk møttes på kyrkjestaden i påskaveka. Då drog alle som kunne forlate reinflokken, dei fann fram dei beste køyrereina. Alle som var spreidde kringom heile Kárásjohkka gielda samla seg i bygda. Her gjekk dei i kyrkja og hadde sosialtsamvér. For mange var det om gjort å koma fyrst fram til kyrkja. Dette var starten på reinkappkøyringa som i dag er eit fast element i påskefestivalen. Elles er det konfirmasjon palmesundag, bryllaup påskeaftan og barnedåp påskemorgon. Innimellom er det meir verdslege aktivitetar som fyller påskefestivalen. For min del, var det vel snøscootercrossen som var heftigast.
March 26

Teken

TATT!

Reglementet:
Bloggarar som vert "tatt" må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg,- enten ting folk ikkje veit, eller merkelige sider ved ein sjølv. I tillegg må ein føre opp disse reglane som eg nettopp har skreve her. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den" og listar opp namna deira.  Etter det er gjort skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei få vete at dei har vorte "tatt", og at dei må lese bloggen til den som tok dei for å få meire informasjon.
Ok.
 
1) Eg har snakka smølaengelsk med Ian Wright, frå Lonly Planet. Han vart litt sur andre gongen eg kom for å få signert 6 kort.
2) Eg er i ferd med å verta a-menneske
3) Eg har haika med lillebroren til Mikkel frå Farmen. Han eg haika med er ein av landets beste reinkappkøyrarar.
4) Fotballkarriera har så langt resuletert i ei brukke hand, og ein brukken ankel.
5) Sjølv har eg aldri brote noko bein. (Det høyrer til at det var reine taklingar, og at det var fallet i etterkant som dei to stakkarane utførde feil)
6) Eg har kopla ein lift på hengar frå bilen. I ein bakke. Utan handbrekket på. Men heldigvis var det mykkje skog som bremsa liften si ferd ned grøfta.
 
Eg sender stafettpinnen vidare til Jovna Olai, Ruth Ø, Kjell-Einar, Helge M, Anette H og Steinar Sho.
 
Photo 1 of 5