Jan Ove's profileMu siida internettasPhotosBlogLists Tools Help

Blog


    April 15

    Flyttar på fjellet

    1. juni flyttar familien Krutvik til Søvassli Ungdomssenter og leirstad. Heimdal vart litt for urbant.
     
    Veit du ikkje kva Søvassli er? www.sovassli.no

    Veit du forresten om nokon som vi leiga ei tre-roms leilighet på Heimdal, 76 kvm? Med kabel, internett og carport.
    March 05

    Oppdatert side

    Har eg sagt noko om krutlappen.blogspot.com ? Jovna Olai er god på oppdateringar.
    August 14

    Viktig melding: Lytt til radio

    No er det Radio Sentrum som er kanalen for deg som er ute etter kvalitet, og ikkje berre jag etter vind. Dessutan kan vi tilby mange, mange årgangar med gamle Noreaprogram på kassett og nokre på CD. Byrjar verta luftig på kontoret no. Frå 15 - 24 høyrer du oss, klemt inn mellom sendetida til Klem FM FM 100,0 
    May 24

    Bustad i orden

    Då har vi fått aksept på bodet vårt for leiligheita sørpå, for dykk som treng det meir spesifikt så tyder sørpå denne gongen Wilhelmsmyrveien 5b på Heimdal. No gjennstår berre 20 lange dagar med prøving av forkjøpsrett, samt nokre dagar med litt målingsarbeid.
    May 07

    Rundstrålar i Tanadalen

    For deg som skal ut å køyra, så kan eg opplysa om at det no er mykje betre dekning i Tanadalen. VI har fått ein rundstrålar i toppen av masta på Ganesvarri, ved Borssejohk i Tana. Slå på radioen din på 100,5. Leif Petter var nesten åtte timar i strekk i toppen, der han dingla og slang i sikkringslina.
    April 18

    Påskefestival i Karasjok

    Frå gamalt av har det vore tradisjon at folk møttes på kyrkjestaden i påskaveka. Då drog alle som kunne forlate reinflokken, dei fann fram dei beste køyrereina. Alle som var spreidde kringom heile Kárásjohkka gielda samla seg i bygda. Her gjekk dei i kyrkja og hadde sosialtsamvér. For mange var det om gjort å koma fyrst fram til kyrkja. Dette var starten på reinkappkøyringa som i dag er eit fast element i påskefestivalen. Elles er det konfirmasjon palmesundag, bryllaup påskeaftan og barnedåp påskemorgon. Innimellom er det meir verdslege aktivitetar som fyller påskefestivalen. For min del, var det vel snøscootercrossen som var heftigast.
    March 26

    Teken

    TATT!

    Reglementet:
    Bloggarar som vert "tatt" må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg,- enten ting folk ikkje veit, eller merkelige sider ved ein sjølv. I tillegg må ein føre opp disse reglane som eg nettopp har skreve her. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den" og listar opp namna deira.  Etter det er gjort skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei få vete at dei har vorte "tatt", og at dei må lese bloggen til den som tok dei for å få meire informasjon.
    Ok.
     
    1) Eg har snakka smølaengelsk med Ian Wright, frå Lonly Planet. Han vart litt sur andre gongen eg kom for å få signert 6 kort.
    2) Eg er i ferd med å verta a-menneske
    3) Eg har haika med lillebroren til Mikkel frå Farmen. Han eg haika med er ein av landets beste reinkappkøyrarar.
    4) Fotballkarriera har så langt resuletert i ei brukke hand, og ein brukken ankel.
    5) Sjølv har eg aldri brote noko bein. (Det høyrer til at det var reine taklingar, og at det var fallet i etterkant som dei to stakkarane utførde feil)
    6) Eg har kopla ein lift på hengar frå bilen. I ein bakke. Utan handbrekket på. Men heldigvis var det mykkje skog som bremsa liften si ferd ned grøfta.
     
    Eg sender stafettpinnen vidare til Jovna Olai, Ruth Ø, Kjell-Einar, Helge M, Anette H og Steinar Sho.
    March 19

    Besøk

    Har vore flott med besøk. Så sånn er det. Fleire bilete i albummet
    February 19

    Opplading til VM i Sapporo

    Her i huset gler vi oss til VM! Her satsar vi på lange svev med god stil, men telemarknedslaget sit ikkje heilt enno. Litt kvile vert det òg tid til. Og Jovna Olai veit kva som må til for å verta god, opp i otta for å trena.

    Sibirkulde sørpå!

    Les i Aftenposten at det vert Sibirkulde på austlandet http://www.aftenposten.no/vaer/article1650889.ece
    I kuldeholet Lillehammer kan temperaturen koma ned i 15 - 20 minus. Det er sakar det! Trudde vel Sibir var meir 40 - 50 minusgradar eg.
     
    For å skifta tema. Eg var ute å køyrde husky her for ei veke sidan. Det var vel -35 C den dagen. Bileta her er frå i dag, -25 C.
    February 02

    Pass deg for elgen

    Berre eit lite tips: det er mykje leg langs vegen. Særskild mot Tana er det mykje elg. Og nokre gonger går det slik som du ser her. Ikkje eg som kjørt på, men eg fekk æra av å vera med å henta kadaveret.

    Sola attende

    Laurdag 27. januar skein sola inn gjennom vindauga på stova. Det er faktisk ikkje så værst.
    January 15

    Inne i varmen

    33 minus ute, men inne har vi det godt og varmt. Jovna Olai veks og har no lært seg å rulla, både frå rygg til magen, og frå magen til ryggen. Det skal ikkje meir til for å gjera foreldra stolt...
     
    Så kva er nytt sørpå? Eller nordpå for dei som bur nordom oss?
    January 09

    Godt nytt år

    Buorre ođđajagi som vi seier det her.. Flott å vera attende i Karasjok. Her har vi fin stabil vinter, mildt og fint. I går starta huskysessongen for min del. Artig. Å elles så ghler eg meg på eit nytt seriegull.  Eg vil forslå at Hansa lagar gullpilsen sin no. Bergensarane er jo veldig flinke til å vera best i forkant. Dei kan feira at dei trur dei kan vinna no, så kan vi feira når vi får utlevert gullet utpå hausten. Dåp vert vel alle så nøgde som dei kan verta.
    October 31

    21 timar på fjellet

    Etter eit døger på Rassegalvarri, Kautokeino, så var endeleg antenner på plass og signala spreidde seg utover eteren. No sparar Radio DSF 70.000 i året i leige. Berre så det er sagt; Norkring er ikkje berre billeg... Elles gjorde 4 lag på beina og5 lag på overkroppen susen mot kulda.
    October 27

    Dumt å itj ha oblata på biln?

    Årsavgifta e betalt, men ingen oblata i postkassa. De e vel kanskje litt dumt? Fordelen e vel kanskje at de itj e så my kontrolla o Karasjok... Neste år ska æg prøv ut å lett verra å betal. Kanskej æg får oblata då?
     
    Evt så e jo trikse å parker sånn at de bli vanskeli å kløpp skilta...
    October 26

    Litt Jovna Olai

    Legg altså ut to bilete av Jovna Olai ja.
    October 20

    Stakkars Brann

    Ikkje nok med at dei er upopulære i Noreg, men no har dei klart å få uvener i utlandet òg... Det er jo ikkje så artig når dei i tillegg mistar gullet til godt likte trøndarar.
     
    October 19

    Time hjå tannlækjar 2008?

    Eg var til tannpleier i dag. Det gjekk greit det. Eit par småhol er ikkje det verste. Så no bers det til tannlækjar for å få borra. Er eg heldig så får eg time etter sommaren 2007, men mest truleg vert det 2008.
     
    For ein mnd sidan fekk Karasjok to tannlækjarar. Så no kan dei byrja på ventelista frå 2005, men fyrst skal alle på barne & ungdomsskolen inn, så elles dei som treng det og er mellom 3 og 18 år. Så fyrst skoleelevar, så resten som er under 18 år, så ventelista som er frå i fjor og dei før meg i år, så meg. Når den tida kjem så er det vel ingen tenner att, så eg kan like gjerne tinga gebiss fyrst som sist.
     
    Forresten fyrste dag med is på elva i dag. -10 C og fint. Men det vert vel mildt att ventle.
    October 17

    Gull!

    Då kan vi vel i grunn berre gratulera kvarandre med eit nytt seriegull.
     
    Så eit sitat frå Løvebakken sist laurdag:
     
    Øystein Backe: Kva var det som kom til Bergen i 1349 og ble den største plaga i Noreg gjennom tidene?
     
    Pernille Sørensen: Den fyrste bergensar.